Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

MOT til å glede

Logo MOT

 

Ei undersøking frå SSB melder at så mange som fire av ti i aldersgruppa 16-24 år seier at dei er einsam.
Fleire unge i dag føler på ein redsel for å ikkje bli inkludert, akseptert eller å vere del av eit fellesskap.
Dersom utestenging skjer aktivt og bevisst over tid, er det ei form for mobbing som kan vere skadeleg for den som vert utsett for det.
Ei undersøking gjort i norske fengsel viser at 6 av 10 kriminelle ikkje hadde ein einaste venn gjennom ungdomsskulen. MOT er ein ungdoms- og samfunnsbyggar som styrkar ungdom si bevisstheit og mot – til å leve, til å bry seg og til å seie nei.
 

Når ein ikkje føler seg ivaretatt og sett i sitt miljø, kan det vere lett å oppsøke andre miljø og grupper.
Miljø som nødvendigvis ikkje er bra for unge, kan vere den einaste plassen dei føler seg akseptert. Vi har gjennom media høyrt og lest om personar som har utført ugjerningar og som beskriv ein oppvekst der dei verken vart sett eller inkludert. 
 

I MOT jobbar vi for å skape robuste ungdommar som inkluderer ALLE. Det krev toleranse, aksept av ulikheitar og trygge miljø, der unge og vaksne gjer kvarandre verdifull. 

I morgo vert det arrangert «MOT til å glede-dag» over heile landet. Fleire tusen ungdommar er med på å spreie glede. Ved å glede andre kan vi skape eit varmare lokalsamfunn for alle. På Ål ungdomsskule vert det utlodding og samling i kantina, samt utdeling av bollar. På kvelden skal dei nye «Signalberarane med MOT» i vårt lokalsamfunn, Selma Øen Li og Nora Fosse, arrangere treff for barn og unge frå Ål statlege mottak på Frivilligsentralen. Der vert det leik og moro, og Ungdom Med MOT er med og serverar kake, frukt og saft.

Kanskje kan DU gjere noko ekstra denne dagen? Besøk nokon du er glad i, send ein SMS og ring til ein du ikkje har prata med på lenge, eller ta ein kaffikopp med naboen du ikkje ser så ofte. Vi greier berre å stoppe mobbing og skape eit tryggare miljø viss alle, både vaksne og unge, viser mot og tek ansvar.

Ynskjer dykk alle ein fin «MOT til å glede-dag»!