Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturpris og stipend

Frist for forslag 10. november 2018

Kulturpris 2018

Ål kommune deler ut kulturpris dersom det er nokon kommunen ynskjer å heidre for framifrå arbeid for kulturlivet i bygda.
Alle som ynskjer det kan koma med grunngjevne framlegg til kandidatar.
Sektorutval for kultur og oppvekst kan sjølv koma med framlegg til kandidatar.

Stipend til ungdom  

Ål kommune vedtok i kulturplanen å dele ut eitt kulturstipend og eitt idrettsstipend til ungdom årleg.
Stipenda er på 10 000 kroner kvar. Målet er å premiere ungdom som lukkast med prestasjonar i sine aktivitetar og på dette vis representerar lokalsamfunnet Ål på ein framifrå måte.
Stipendet skal gje ungdomane inspirasjon og høve til å vidareutvikle seg innan sitt felt.

Du finn meir informasjon her.