Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Stipend til ungdom 2017

Stipend til ungdom

Ål kommune har vedteke i sin kulturplan å dele ut eit kulturstipend og eit idrettsstipend til ungdom årleg. Stipenda er på 10 000 kroner kvar.

Kriteria for stipenda:

  1. Stipendet skal gå til einskildpersonar eller/og grupper som har bustadadresse i Ål
  2. Aldersgruppe: 15-24 år
  3. Den einskilde ungdom kan sjølv søkje om stipend, og andre kan sende framlegg til kandidatar
  4. Det skal leverast ei grunngjeving med søknaden/framlegget

Her ser du kven som har fått stipendet tidlegare.

Søknadsfrist: 10. november