Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Samarbeid med hjelpetenestene

Samarbeid med hjelpetenestene

Barnehagane og skulane har éin primærkontakt frå kvar hjelpeteneste som utgjer barnehagen og skulen sitt Tverrfaglege team. Tverrfagleg team er sett saman av pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. Andre hjelpetenester kan inviterast etter behov. Teamet har ein rådgjevande og rettleiande funksjon i samarbeid med barnehage og skule. 

Føresette som ynskjer råd og rettleiing frå tverrfagleg team, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Alternativt ei anonym drøfting.
Samarbeid med hjelpetenestene inngår i handlingrekka i Betre tverrfageleg innsats (BTI)-modellen som barnehage og skule nyttar ved undring og bekymring rundt barn og unge. 

Hallingdal barnevern

Helsestasjonen

PPT

Psykisk helse