Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skroll videre ned

IKT Skattebøl Foto terje Bjørnsen

I Ål kommune har alle elevar kvar sitt læringsbrett eller PC tilgjengeleg, noko som opnar for kreative oppgåveløysingar, samarbeid på tvers av einingar, ein plattform for å arbeide med dei grunnleggande dugleikane og samstundes møte samfunnet med den digitale kompetansen som vert kravd.

Men i klasserommet er læraren fortsatt den viktigaste faktoren for å skape god læring i ein inkluderande skule. Ål kommune har i 2018 og 2019 arbeidd med å implementere digitale verktøy for lærarar og elevar. For å nytte desse verktøya vil Ål kommune satse vidare på det som kan gjere den store forskjellen, som kan rettleie elevane i eit uoversiktleg digitalt landskap og som kan gje den opplæringa elevane forten for å førebu dei på framtida. Ål kommune satsar på lærarane.