Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU)

 

SU/Samarbeidsutval 

Dette er skulen sitt øvste organ. Foreldrerepresentantane har rett og plikt til å delta i samarbeidsutvalet (jf. opplæringslova §11 - 1). Rektor har møte- og talerett og kan fremje saker.
Samarbeidsutvalet (SU) er eit rådgjevande organ utan myndigheit til å ta beslutningar. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og i nokre tilfelle kan styringsoppgåver, driftsoppgåver og beslutningsmyndigheit bli delegert frå kommunen til skulen.

I samarbeidsutvalet skal alle partar i skulen vere representert: elevar, føresette, undervisningspersonell, andre tilsette og to representantar frå kommunen (rektor og politikar).
Foreldrerepresentantane skal vere frå FAU (jf. opplæringslova § 11-4). Den eine representanten skal vere FAU-leiaren.
Typiske oppgåver for SU: ordensreglement, informasjonsverksemda til skulen, skulen sine verksemd- og utviklingsplanar, strategiske planar osb., forslag til budsjett, prinsipp for val av bøker til skulebibliotek, plan for heim-skule-samarbeid, skulevurdering, trafikktilhøve, skuleskyss, planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegg


SMU/Skulemiljøutval 

Alle grunnskular skal ha eit skulemiljøutval (SMU) som skal bidra til at skulen, dei tilsette, føresette og elevane jobba for eit godt og trygt læringsmiljø på skulen (jf. opplæringslova §11-1).

Elevane, føresette, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen (ved politikar) skal vere representert i SMU, og elevane og føresette skal vere i fleirtal. Samarbeidsutvalet (SU) ved skulane kan også vere SMU, men då må det vere fleire representantar frå elevane og føresete, slik at dei er i fleirtal til saman. 

SMU har rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld et systematiske arbeid for eit trygt og godt skulemiljø (link her til http://www.fug.no/rektor.467207.no.html), og har rett til å uttale seg i alle saker som er viktige for skulemiljøet (jf. opplæringslova §9a)

SMU kan be skulen innføre konkrete tiltak for å betre skulemiljøet, handsame brukarundersøkingar, kome med forslag til forbetringar. SMU har ikkje myndigheit til å sett i gang tiltak, men kan følgje opp og sjå til at forbetringar blir gjort. 

Elevrådsrepresentantane skal bli kalla inn til møta, og meiningane deira skal protokollførast i referat. Dersom elevane ikkje er tilstade skal foreldrerepresentantane ha dobbelstemme. Elevrepresentantane skal ikkje vere tilstade om utvalet handsamar saker som gjeld andre elevar eller omhandlar tausheitsbelagde opplysningar. Om elevane likevel får høyre om noko som gjeld andre elevar, har dei tausheitsplikt.

SU/SMU 2020/2021

Medlemmar og varamedlemmar

Verv Namn Varamedlemmer
Leiar  Gunn Kjersti Sandelien  Bjørg Torsteinsrud
Nestleiar  Anne Marit Tefall  Sigrun Jorde
Skrivar  Rektor Anne Marie Stokkedal  
   Guri Feten  
   Brita Laa   
   Kolbjørn Aas  
   Stina Grue  Dina Beate Moholt
   Ola Terje Oleivsgard  

Her finn du kontaktinfo til medlemmer i SU/SMU

Referat SU/SMU

Her finn du referat frå møte 14.10.20 i samarbeidsorgana FAU, SU/SMU
Her finn du referat frå møte 20.11.19 i samarbeidsorgana SU/SMU 
Her finn du referat frå møte 23.10.19 i samarbeidsorgana FAU, SU/SMU