Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Foreldrerådet for grunnopplæringen (FUG)

Foreldrerådet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt og uavhengig organ som gjev tips og rettleiing til føresette om samarbeid mellom heim og skule. FUG blei oppretta i 1976 og er lovheimla i opplæringslova §11-9.

FUG sitt utval består av ni medlemmar som kjem frå ulike delar av landet og har barn i skulen. Medlemmane har bakgrunn som aktive foreldrerepresentantar på skule.
Det er Kongen i statsråd som oppnemner utvalet for fire år om gongen.
I tillegg til å gje råd til føresette, gjev dei også innspel til utdanningsmyndigheitene om heim-skule-saker.

Kva FUG gjer:

  • Gjev råd og rettleiing til føresette med barn i skule, på telefon, e-post eller på www.fug.no
  • Held gratis foredrag for føresete, tilsett og skulemyndigheiter over heile landet
  • Lagar gratis materiell til føresette og tilsette i skulen, som kan lastast ned frå www.fug.no/materiell
  • Gjev råd til myndigheitane i saker som handlar om heim-skule-samarbeid
  • Svarar på høyringar i aktuelle skulepolitiske saker

www.fug.no