Elevråd
Alle skular skal ha elevråd, jf. opplæringslova § 11-2 og § 11-6. (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61/KAPITTEL_13#KAPITTEL_13)
I barneskulen skal det vere med elevar frå 5., 6. og 7. trinn i elevrådet, yngre elevar kan også bli valt. I ungdomsskulen skal det vere med elevar frå alle trinn. Kommunen fastsett talet på elevrådsrepresentantar, og dei skal bli valt seinast tre veker etter skulestart om hausten. Elevrådsrepresentanten tek opp saker frå klassa som ein tek vidare med til elevrådet og rektor.
Elevrådet ved skulen skal ha ein elevrådskontakt. Elevrådskontakten er ein tilsett ved skulen, som skal hjelpe elevrådet i sitt arbeid. Elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.
Elevrådet si oppgåve er å fremje fellesinteresser til elevane ved skulen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skulemiljø. Rådet representerer elevane overfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Elevrådet skal også kunne uttale seg i og kome med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.
Døme på oppgåver for elevrådet:
- Vere med å bestemme reglar på skulen
- Seie ifrå viss det er dårleg luft, sanitærtilhøve eller andre materielle ting
- Fortelje lærarane om kva ein synes om undervisninga på ei sakleg måte.
Elevorganisasjonen