Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Den kulturelle skulesekken (DKS)

DKS nasjonalt
DKS er ei statleg satsing på kunst og kultur i grunnskulen. DKS skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen og byggje opp under dei pedagogiske måla i skulen. Føremålet med skule er læring og meistring. Opplæringa skal ruste barn og unge til arbeids- og samfunnsliv, og gje kunnskap til å meistre skiftande omgjevnader og ei ukjent framtid. Skulen skal bygge på eit bredt kunnskapssyn, der kreativitet og skapande evner står sentralt.

Dei overordna måla for DKS er:   
• Å medverke til at elevar får eit profesjonelt kulturtilbod.   
• Å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.  
• Å formidle kunst og kultur på ein måte som gjev elevane verdifulle opplevingar og set elevane i stand til å møte kulturelle utfordringar i dag og i framtida på ein reflektert og konstruktiv måte. 
 
DKS i Ål
DKS er eit samarbeid mellom oppvekstsektoren og kulturkontoret i Ål kommune. Ål kommune har sett ned ei styringsgruppe som har det overordna ansvaret for DKS. Kvar skule har ein kulturkontakt som skal vere pådrivarar for å utvikle den kulturpedagogiske plattforma på skulen. DKS utviklar seg kontinuerleg i samarbeid med representantar frå skulane og frå kunst- og kulturlivet.   

Ål kommune vedtek kvart femte år ein lokal DKS-plan. Gjeldande plan er for perioden 2015-2020, og kan lesast her. 
DKS i Ål omfattar alle elevane i grunnskulen i Ål kommune, frå 1.-10. klasse, og er ei obligatorisk satsing for alle skulane kommunen. Kulturlivet skal vere for alle (jf. overordna mål i Kulturplan 2019-2025).  

DKS i Ål kommune skal gje alle elevane:   
• God kunnskap om lokal kultur og lokale kulturtradisjonar.  
• Lokalhistorisk innsikt.  
• Opplevingar, kunnskap og refleksjon knytt til uttrykksformene film, teater, dans, musikk, litteratur, biletkunst, skulptur og arkitektur.  
• Utforske og utøve kulturelle aktivitetar av ulike slag.   
• Elevane skal delta aktivt og få høve til å vise talent i minst eitt prosjekt innan det utvida kulturbegrepet kvart år (Betre læring 2015-2020).