Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Betre læring

Betre læring 2016 - 2020

Betre læring er overordna plan for oppvekstsektoren i Ål kommune. Planen har denne
visjonen: «Alle som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste.»

Planen har eit overordna mål: «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv». Me vil at alle skal få raskt hjelp ved behov, både fagleg og sosialt, og med tilpassing og eigeninnsats skal alle ha utbytterik læring.

Utviklingsområde i perioden 2016 – 2020:

A. Grunnleggjande ferdigheiter med vekt på lesing og skriving
Døme: Blyantgrepet/finmotorikk. Utarbeide kommunal leseplan.

B. Pedagogisk planarbeid
Døme: Ny rammeplan i barnehage. Fagfornying i skule. Ulike overgangsplanar.

C. Digital kompetanse
Døme: Innføring av læringsbrett og pc 1:1. Bruk av digitale verktøy i læringsarbeid.

D. Inkluderande læringsmiljø
Døme: Relasjonskompetanse, betre tverrfagleg innsats (BTI), foreldresamarbeid.

Betre læring - handlingsplan 2020 - 2021

Betre læring - strategidokument 2016 - 2020