Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Fråværsreglar

 

Barn og unge i Norge har rett og plikt til grunnskoleopplæring, jf. Opplæringsloven § 2‐1. Dette betyr at dei skal delta i opplæringa og det er viktig at elevene er til stades på skulen dei fastsette skuledagane. Det blir oppmoda om at elevar har så lite fråvær som mogleg, spesielt i hausthalvåret for 1., 5. og 8. trinn pga overgangar og for 10. trinn på vårhalvåret pga eksamen.

Fråvær i grunnskulen er delt i dokumentert og udokumentert fråvær. Foreldre pliktar å melde frå om fråvær og må søke permisjon når fråværet er på minst ein dag.

Dokumentert fråvær er korte fråvær som sjukdom, tannlege, begravelse o.l. Dette blir rekna som dokumentert fråvær dersom det blir levert melding om årsaka til fråværet frå foreldra eller sjukemelding frå lege.

Elevar som høyrer til trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har heilagdag. Foreldre må sjølv sørge for at eleven får den nødvendige undervisninga i permisjonstida.

Når det er forsvarleg, kan skulen etter søknad gje enkeltelevar permisjon i inntil 10 dagar, jf. Opplæringslova § 2‐11. Permisjon er ingen rett, men blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Søknad om permisjon skal vere skriftlig og blir sendt rektor i god tid. Foreldre må sjølv sørge for at eleven får nødvendig undervisning i permisjonstida. 

Dersom ein elev skal ha permisjon i meir enn 10 dagar, må det søkjast særskilt om dette. Grunngjeve søknad skal sendast til kommunalsjef for oppvekst. Dersom søknaden vert innvilga, blir eleven skrive ut frå skule og dei føresette overtek opplæringsansvaret.  

Udokumentert fråvær er når elevar er borte frå skulen utan at det blir levert melding/søknad frå føresette. Stort fråvær som ikkje blir dokumentert, kan virke inn på ungdomsskulekarakteren i orden.