Prioriterte områder:
- Skule-heim samarbeid
- Fagfornying
- IKT - pedagogisk bruk av digitale verktøy
Prioriterte områder:
Utdanningsdirektoratet har eit program for å hjelpe kommunar i arbeidet med å skape trygge og gode læringsmiljø i både barnehage og skule.
Alle kommunane i Hallingdal følgjer dette programmet i perioden 2018-2022. Alle barnehagane og alle skulane i Ål arbeider med lokale handlingsplanar. På kommunalt nivå er det laga ei rutine som skal styrke samarbeidet med og mellom føresette.
Oppvekstsektoren vil også ta i bruk ein modell som skal koordinere betre det tverrfaglege arbeidet (BTI-modellen). Målet med modellen er å sikre heilskapleg og koordinert innsats mellom tenestene i Ål kommune.