Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Foreldrenettverk

Foreldrenettverk

Nettverk for føresette er eit strukturert samarbeid mellom føresette til ei gitt gruppe barn og unge. Målet er å styrke og trygge samarbeidet mellom føresette til beste for barn og unge. Nettverket skal vere ein møteplass der ein kan få ny kompetanse og dele erfaringar om daglegdagse og felles utfordringar knytt til aldersgruppa og rolla som føresett.

Nettverk for føresette i Ål famnar om aldersgruppa 0 - 16 år (10.trinn) og er ein del av satsinga på inkluderande læringsmiljø i barnehage og skule. Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og foreldrekontaktar skal ha ei aktiv rolle i samarbeid med leiinga når det gjeld planlegging og gjennomføring av fastlagte nettverksmøte. Foreldrerepresentantane skal ha ansvaret for vidareføring av nettverksarbeidet gjennom året.

Nettverk for føresette - plan

Vedlegg til planen:
Nettverksmøte barnehage
Nettverksmøte grunnskule
Rulleringsplan