Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Om oss

Om oss

Ål kommune var tidleg ute med å bygge ungdomsskule, allerede i 1963 kunne elevar og lærarar flytte inn i eit nytt og moderne skulebygg. Ål ungdomsskule var den første i sitt slag i Hallingdal, den 3. i Buskerud og den 7. i landet. I 2006-2007 vart skulen bygd om og modernisert og er i dag ein moderne, lys og triveleg arbeidsplass for elevar og tilsette.

Skulen ligg sentralt til i skuleområdet ca 700 m frå Ål sentrum, saman med Nedre-Ål skule og Ål vidaregåande skule. Ål ungdomsskule er ein 8-10 skule og er den einaste ungdomsskulen i kommunen.

Skulen er næraste nabo til Ål idrettshall og Ål skulepark. Ål skulepark er eit tilrettelagt park- og aktivitetsområde med bl.a.sykkelpark, skatepark, klatrestativ og plass for ballaktivitet. Skiløype og skøytebane om forholda ligg til rette for det vinterstid.

Ved Ål ungdomsskule legg vi vekt på respekt, ansvar og å gje utfordringar.

Skuleåret 2020/2021 har skulen 46 tilsette og 200 elevar fordelt slik

8. trinn 9. trinn 10. trinn
78 elevar 53 elevar 69 elevar

Kontaktinfo

Telefon: 3208 5430
Epost: aal.ungdomsskule@aal.kommune.no

Administrasjon 

Rektor Anne Marie Stokkedal tlf 3208 5431 anne.stokkedal@aal.kommune.no
Ass rektor Jon Torleiv Augunset tlf 3208 5433 jon.torleiv.augunset@aal.kommune.no
Sekretær Anne-Karin Rustberggard tlf 3208 5434 akr@aal.kommune.no

Rådgjevar

Rådgjevar Kjersti Granli tlf 3208 5433 kjersti.granli@aal.kommune.no

 

Opningstider

Telefontid administrasjon kl 08:00-16:00
Opne dører 08:45.15:00