Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdataundersøkelsen 2020

Nasjonal undersøking

Ungdata er ei nasjonal undersøking som vert gjennomført regelmessig for mange ungdommar i Norge.

Undersøkinga har som formål å gje ungdommar i Ål mogelegheit til å fortelja lokale politikarar og myndigheiter om korleis det er å vekse opp i kommunen.

I undersøkinga vert det mellom anna spurt om:

  • Forhold til skule, vener og føresette
  • Fritid og fritidsaktivitetar
  • Helse, trivsel og livskvalitet
  • Mobbing
  • Regelbrot, vold og rus
  • Føresette sitt utdanningsnivå

Det er frivillig å delta i undersøkinga, men for å gje eit godt bilde av situasjonen for ungdom i Ål, er det viktig at så mange som mogeleg deltek med ærlege svar.

Undersøkinga er anonym, og det er ikkje mogeleg å identifisere enkeltpersonar gjennom data som vert samla inn.

Ungdataundersøkelsen 2020 vert gjennomført på skulen i løpet av veke 10-12.