Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ål kulturskule

Logo Ål kulturskule

Ål Kulturskule har undervisningstilbod til born, unge og vaksne frå heile Hallingdal innan ein rekke ulike sjangerar fordelt på fagområda musikk, dans, teater, visuell kunst og yoga.

Undervisninga fylgjer skuleruta, og foregår på ettermiddags- og kveldstid i dei nye lokala våre på Ål Kulturhus. Her disponerer me mellom anna to nye speilsalar spesielt tilrettelagde for dans, og luftige øvingsrom med god plass til samspel og grupper. Kvart år har me fleire mindre og større prosjekt, med produksjonar, konsertar og framsyningar på små og store scener.

Kulturskulen skal gi eit tilbod av høg fagleg og pedagogisk kvalitet, og representerer ei vesentleg fordjuping utover det obligatoriske skuleverket. Opplæring i kulturskulefaga er individuelt tilpassa, langsiktig innretta og kan gi elevar ei livslang interesse, for nokre også eit grunnlag for yrkesutdanning innanfor kunstfag. Hovudmålsetjinga er å utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, og gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt, og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur. Vårt motto er: ein leiken og kreativ kvardag!

Her kjem du til Ål kulturskule si heimeside