I samband med nedbøren som er varsla i helga, har Ål kommune fredag 25.08 konferert med geolog.
Det kan moglegvis løsne nokre løsmassar eller steinar der det gjekk skred under ekstremværet «Hans».
Ein bør difor halde avstand til desse skreda.
Det er viktig å følge godt med der bekkane har teke nye vegar og kor det ikkje har vorte utbetra enda.
Det er også viktig å halde eksisterande bekkar, stikkrenner og slusar frie.
Me gjer merksam på at vannstanden i vassdraga kan stige raskt, og ber om at det blir utvist nødvendig aktsemd.