Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vil du bli leiar?

Avdeling heimetenester

Avdelingsleiaren vår i avdeling Heimetenester har søkt seg nye utfordringar utanfor kommunen og vi søker no hennar etterfølgar.

Frå 01.03.21 er det derfor ledig 100 % fast stilling som Avdelingsleiar for avdeling heimetenester.

Avdeling heimetenester gir naudsynt helsehjelp og praktisk bistand til personar som bur i eigen heim.

Vi søker ein avdelingsleiar som trivst med varierte oppgåver og høgt tempo, og at arbeidsdagen ikkje alltid blir som planlagt.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du saman med assisterande avdelingsleiar ha ansvar for leiing, økonomi- og ressursstyring, planlegging og utvikling av avdelinga.

Leiaren skal sikre ei god tenesteyting for brukarane og sørgje for gode og trygge arbeidsplassar for dei tilsette. Det skal leggast til rette for utvikling av medarbeidarar, både individuelt og som grupper.

Avdelingsleiar for heimetenesta har nært samarbeid med avdelingsleiarane på Ål helsesenter, legekontor og Hallingdal sjukestugu.

Avdelingsleiar inngår i leiargruppa til kommunalsjefen for helse- og omsorgssektoren.

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer søkarar med høgare utdanning innan helsefag - og gjerne leiarutdanning og leiarerfaring . Erfaring fra
heimeteneste er ynskjeleg, men ikkje noko krav.

Du må også ha god forståelse for pasientflyt i kommunehelsetenesta. God muntlig og skriftlig norsk fremstillingsevne
og gode IKT-kunnskapar.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, særleg at du er fleksibel, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.

Me tilbyr

Ein heimeteneste i positiv utvikling og vekst
Ei verksemd som er framtidsretta, med fokus på god samhandling og arbeidsglede
Faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø
Dyktige medarbeidarar med høg fagkompetanse og lang erfaring
Støtte og opplæring til alle leiarar

Løn etter avtale
God pensjonsordning i KLP
Hjelp til å skaffe bustad eller overgangsbustad

Send elektronisk søknad via denne lenka