Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vidareføring av vedtak av 13. mars

Pressemelding 24.03.2020

Viktig informasjon frå Ål kommune

Ål kommune viser til pressekonferanse den 24.mars, der regjeringa vidarefører alle tiltaka som vart iverksett den 12. mars for å avgrense utbrotet av koronavirus i Noreg fram til over påske, til og med 13. april.

Ål kommune ønsker så langt det let seg gjera å skape forutsigbarheit i ei uforutsigbar tid. Det vert difor informert at kommunens vedtak (fatta den 13.mars) vert vidareført for same periode (13.april). Vedtaket er i samsvar med nasjonale føringar. Vi er klar over at dette vil få store konsekvensar for turistnæringa i vår kommune. Grunngjevinga for vidareføringa er å hindre tilstrømming til kommunen, fordi helsevesenet vårt ikkje har kapasitet til å handtere fleire folk enn våre innbyggjarar i samband med korona-pandemien.  

Vi skulle gjerne sett at Ål kommune kunne ta imot turistar og hyttefolk i påsken, men slik vart det dessverre ikkje. Vi er alle ein del av den nasjonale dugnaden som pågår no, og må ta vårt ansvar.
Solveig Vestenfor, ordførar
Forlenging av vedtak av 13.03.2020

Vedtak av 13.03.2020