Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Viktig info vedr auka smittetrykk

Covid 19 pixabay

Hallingdal følgjer med på smittesituasjonen i Nordre Follo, der det er oppdaga mutert virus.

Sidan det er eit auka smittetrykk fleire stader, ber me alle om å følgje smittevernreglane, ha få nærkontaktar og unngå store folkemengder.

Styresmaktene sine tilrådingar er å ikkje reise ut av dei kommunane som ligg nær Nordre Follo, men fleire har allereie reist heimanfrå til hytta.  

Me reknar med at helga går som planlagt, men ber dykk innstendig om å følgje smittevernreglane til punkt og prikke.

Ver førebudd på at nye tiltak kan koma på kort varsel.

Dette gjeld alle næringar!

Den smitta me risikerer å få inn er meir smittsam.

Me ber alle om å ha ekstra skjerpa kontroll på inntak, vakthald, avstand, munnbind, registrering, reinhald m.m.

Ver og spesielt oppmerksame ved matservering. Det er viktig at dette blir forankra hjå alle tilsette i bedrifta. 

Toril Bøyum, kommuneoverlege 

Karsten Dideriksen, rådmann 

Solveig Vestenfor, ordførar