Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Velkomsttreff for nye innflyttarar

Torsdag 09. juni vart det arrangert velkomsttreff for 26 nye ålingar på TID kafé.

Treffet vart opna med eit musikkinnslag av Stella, Eira og Ingunn Solberg. Deretter ynskte varaordførar Ole Egil Trintrud velkomen og det var ein rask presentasjonsrunde før middagen vart servert. Innflyttarane fekk høyre litt om kva som skjer i bygda frå Ål turistinformasjon og dei fekk utdelt infomapper med brosjyrer om ulike tilbod frå Ål kommune. Til slutt fekk dei omvisning på BUA utstyrssentral og biblioteket på Ål kulturhus.

IMG-1923-bred.jpg

Treff for nye innflyttarar er ein del av Ål kommunes satsning på bu- og blilyst, og vert arrangert 3-4 gonger i året.

Bulystteamets arrangementsgruppe består av:

  • Turid Hilde S. Gåsbakk - Ål frivilligsentral
  • Ann Holm - Ål turistkontor
  • Hilde Kirkebøen - TID kafé og landhandel
  • Kirsten Lucie H. Kvalvågnes - Servicetorget, Ål kommune

Sist endret: 10.06.2022