Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Velkomsttreff 20.09.21

Måndag var det velkomsstreff for nye innflyttarar.

Som ein del av bu- og blilystprosjektet arrangerer bulystgruppa i Ål kommune velkomsttreff og andre gratis arrangement for å skape trivsel og tilhøyre for dei som har valt Ål som sin nye bustadkommune.

I august arrangerte dei KulTur på Sundre.

I overkant av 20 nye ålingar vart ønska velkomen med middag på Tid kafé, og omvisning på biblioteket og BUA utstyrssentral i går. 

Velkomsttreff - middag

Ordførar Solveig Vestenfor åpna med ei velkomsttale og så gjekk runden der alle presenterte seg. Dei nye ålingane kom frå mellom anna Ecuador, Holmestrand, Danmark, Syria, Bærum, Oslo og Gol.

Velkomsttreff - middag

Menyen besto av grønsakssuppe med lokale råvarar frå Ål Markedshage, og kaffi og kake til dessert. Etterpå gjekk turen til Ål kulturhus der dei fekk omvisning på biblioteket av biblioteksjef Anne Kaslegard.

Velkomsttreff - biblioteket

Til slutt viste Håvard Gåsterud dei BUA utstyrssentral. Her kan alle låne fritidsutstyr - alt ein treng er eit lånekort.

Velkomsttreff - BUA