Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vassforsyningssystem

Krav om at dei skal registrerast

Har du hugsa å registrere brønnen din?

Dersom du deler brønn med ein eller fleire skal den registrerast
Alle vassforsyningssystem skal vere registrert hjå Mattilsynet. Dette gjeld både større vassforsyningssystem, og dei som er veldig små.
Alle som produserer under 10 m3 drikkevatn i døgnet kan nytte eit forenkla registreringsskjema.
Eksempel på vassforsyningssystem som kan nytte det forenkla skjemaet kan vere ein brønn som forsyner 15 hytter, eller ein brønn som forsyner to bustadar med drikkevatn.
Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no.
Registrering kan utførast enkelt frå mobiltelefonen
Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema for registrering av små vassforsyningssystem.
I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemets plassering ved å markere staden i eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet
Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan me bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan vere viktig når kommunen legg planar for bruken av areala kring brønnen og brønnområdet. Det er til dømes viktig at kommunen veit om det er eit vassforsyningssystem i nærleiken når dei gjev løyve til plassering av ein kloakk-kum. Oversikta gjer det mogleg for oss å vurdere omsynet til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt. 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem
I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k.
Informasjon til dei minste vannforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er særskilt berekna for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med lokalavdelinga di.