Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vaksinering

Oppdatert status og info om vaksineringa i Ål kommune

Status veke 19

Frivilligsentralen ringer og tilbyr vaksinering til dei som er født i 1954 og 1955.
I Ål kommune er 266 personar fullvaksinerte.
I vekene 20, 21 og 22 er det så mange som skal få 2. dose, at vi i desse vekene ikkje mottek nok vaksinedosar til nyvaksinering med 1. dose. Vi reknar difor ikkje med å kunne vaksinere dei resterande personane i alderen 65-70 år (risikogruppe 4) før i tidsrommet 9.-24. juni. Deretter skal personar med underliggande sjukdommar (risikogruppe 5, 6, 7) vaksinerast i hht. statlege føringar. Desse gruppene skal få 2. dose 6 veker etter 1. dose.

Det vil bli vaksinering kvar veke gjennom heile sommaren. Dette betyr at mange i aldersgruppene 55-64 år (risikogruppe 8) og 45-54 år (risikogruppe 9) også vil få tilbod om vaksine i løpet av sommaren. Begge sistnemnde gruppene vil få 2. dose 12 veker etter 1. dose.

Informasjon frå Ål helsestasjon

Vaksineringa i Ål er no i aldersgruppa ned til 66 år. Ikkje alle som er 66 år er oppringte enno. Dei som er yngre enn dette må vente på å bli oppringte. Dei som er i risikogruppe 5, 6 og 7 må vente til vi er ferdige med å vaksinere dei som er 65 år. Det er ulikt kor langt dei ulike kommunane i Hallingdal og Norge er kome i vaksineringa. Helsestasjonane mottar no mange telefonar med spørsmål kring dette, og håpar denne informasjonen reduserer på telefonhenvendelser.
Stopp i Astra Zenica medførte at det for enkelte (risikogruppe 5) vil ta lengre tid før dei får vaksine. Desse vil får Pfizer. Helsestasjonen tek kontakt.
Dei som har fått 1. dose med Astra Zenica vil få 2. dose med Pfizer. Helsestasjonen tek kontakt med dei dette gjeld i løpet av dei komande vekene.
Er du fødd før 1951 og bur i Ål kommune og ikkje har blitt oppringt for tilbod om covid-19 vaksine?
Kontakt Ål helsestasjon på tlf 3208 5290. 

Generell info

All vaksinering er planlagt i Ål idrettshall og onsdag er vaksineringsdag.
Folk blir primært oppringt veka før dei skal få vaksine.

Det har vore ei utfordring for oss at folk ikkje har svart når dei har blitt oppringt. Vi ber om at folk må svare!

For dykk som nyttar teiknspråk som førstespråk: Send SMS til vaksinasjonskoordinator Anikken Teigen, tlf 97966553 og meld frå om at du er døv. Kommunen har oversikt over mange av dykk, men ikkje alle.

Når vi tek kontakt med innbyggjarane for å få time til vaksinering vil dette skje på telefon. Vi tek ikkje kontakt på Facebook eller i andre kanalar. Det er IKKJE eigenandel eller førehandsbetaling, og det er heller ikkje mogeleg å betale seg fram i køen. Vaksina er gratis!
Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har gjort erfaring med at det er nokon som driv svindel rundt tilbod om vaksinar som ikkje fins.
Ål kommune ringer når det er din tur i vaksinekøen.

Vaksineteam

Vi treng helsepersonell med ledig kapasitet. 

Er du utdanna farmasøyt, vernepleier, sjukepleiar eller lege?
Har du ledig kapasitet ved sidan av ditt ordinære arbeid?
Har du blitt pensjonist og har lyst å bidra?
Skal du vere i Ål eller omegn i ferien og kan hjelpe oss i ei periode?

Då treng vi deg til vaksineteamet vårt i Ål.

Vi treng helsepersonell som kan arbeide fast kvar onsdag, som kan bidra i enkelte veker eller vere ringevikar ved behov. Stillingane er mellombels engasjement mellom 3-6 månader.

Du kan ta direkte kontakt med Elise Jakobsen eller send inn elektronisk søknad

For meir informasjon kontakt Elise Jakobsen, fag- og kvalitetsutviklar
tlf: 32 08 52 05
mobil: 979 70 683
e-post: elise.jakobsen@aal.kommune.no