Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vaksinering for dei mellom 12-15

Informasjon om koronavaksinering til aldersgruppen 12-15 år:

Det er no sendt ut SMS med tilbod om time til dei som er registrert for vaksinering.

Vi oppfordrer foreldre som ønsker at barna skal få vaksine til å registrere dei inn eller ringe Ål helsestasjon på 3208 5290.

Årskull 2006-2008 og dei i årskull 2009 som er 12 år). Dei foreldra som ynskjer at deira barn skal få koronavaksine må registrere inn barnet sitt i vaksinekø. I tillegg må begge foreldra med foreldreansvar samtykke til vaksineringa.

Du kan registrere dei inn ved å følge denne lenka til Helseboka

Følg lenka for samtykkeskjema

Vaksineringa foregår på Ål helsestasjon. Det er no sendt invitasjon til vaksinering laurdag 18/9 og måndag 20/9 etter skuletid.
Dei komande vekene vil dette foregå onsdagar på dagtid.

Vi tilbyr Pfizer.
Aldersgruppa 12-15 år skal berre ha ein dose vaksine

Det er ikkje drop in i idrettshallen lenger. 

Er du over 18 år og ynskjer vaksine må du ta kontakt med Ål helsestasjon på telefon 3208 5290