Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Utmarksoppsyn

Utmarksoppsyn

Ola Vaagan Slåtten er utmarksoppsyn i Ål. 
Ola har avgrensa politimynde, og er uniformert på oppdrag. Han blir å treffe i skog og mark fram til haustferien. Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Ål, driv tilsyn med beitedyr og fører tilsyn etter relevante lovverk. 
Dersom du treffer Ola i marka er det berre å ta kontakt anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarta.

Det er faglaga for landbruket i Ål har teke initiativ til å få etablert eit organisert utmarksoppsyn.
Ansvarleg for utmarksoppsynet er Ål Sankelag.


Kontaktinfo: Ola.Vaagan.Slatten@aal.kommune.no . 

Telefon 476 71 651 

Blomster i Vealia. Foto: Ola Vaagan Slåtten