Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Utbygging av sentrumsnære bustader

Ål kommune inviterer til samarbeid om utbygging.

Hus. Foto Pixabay
Det er for tida akutt mangel på bustader i Ål og vi ynskjer difor å koma i kontakt med private utbyggjarar som har planar/ynskje om å bygge ut sentrumsnære bustader på eige tomt, eller på kommunale tomter.

Ål kommune ynskjer å få i gang utbygging av fleire og varierte bueiningar både som sjølveigar leilegheitsbygg, leilegheitsbygg organisert som burettslag og evt. rekkehus eller små eine- eller to-mannsbustader. Ål kommune vil inngå opsjonsavtale om kjøp av nybygde, sentrumsnære bueiningar til ein verdi på inntil 20 millionar kroner.
Ål kommune ynskjer å kjøpe inntil 3 einingar med 3 soverom, 2 einingar med 2 soverom og 2 einingar med 1 soverom. Verdi og antall einingar er eit estimat. Ål kommune kan velgje å bygge noko av dette i eigen regi, då vil verdi og antall einingar kunne bli lågare.
Du finn meir informasjon og full utlysingstekst på Doffin
Vi inviterer til digitalt informasjonsmøte om konkurransen
18. januar klokka 17.00 - 18.00 på Teams

Agenda

1. Fortelle om konkurransen v/Reidun Aaker
2. Formidle markedsundersøking om Ål v/ Staffan Landsmann-Wiwe
3. Evt.

Vidaresend gjerne informasjonen til personar eller bedrifter som de trur kan ha interesse av å delta.