Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdom i Ål - Ungdataundersøking

Leikeplass ved kulturhuset Foto Even Medhus

Korleis er det å vere ung i Ål kommune i 2021?

Frå måndag 8. mars får barn og ungdom i dei fleste kommunane i tidligare Buskerud fylke tilbod om å delta i årets Ungdata-undersøking. Den anonyme undersøkinga gir barn og unge eit unikt høve til å fortelje om korleis dei har det, kva dei er opptekne av og ikkje minst korleis korona-pandemien påvirkar dei.

Ungdata er lokale barn- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkingane er tilpassa barn og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), ungdomstrinnet og i videregåande opplæring. I Ål kommune er det elevar på ungdomsskulen som skal delta i undersøkinga.

Viktig tematikk
Undersøkinga kartlegg blant anna barn og unge sitt forhold til skule, venner og foreldre, deira helse, trivsel og livskvalitet, mobbing, regelbrot, vold og rus. Nytt i årets undersøking er at fleire av spørsmåla går direkte på korleis korona-pandemien påvirkar dei.
Resultat frå Ungdata-undersøkinga gir ungdom mogelegheit til å fortelje lokale politikarar og myndigheiter om korleis det er å vakse opp i kommunen. Resultata gir også kommunen kunnskap om ungdom sine oppvekstsvilkår og til kommunen sitt arbeid med denne aldersgruppa.
Ca. 15 000 ungdom fra ungdomsskuler og videregåande skuler får tilbod om å svare på undersøkinga i perioden frå 8. mars til 27. mars. I tillegg deltek elevar i 5. 6, og 7. klasse i 10 kommuner på Ungdata Junior.

Anonym og kvalitetssikra
Ungdata-undersøkinga blir gjennomført på skulane i skuletida og elevane svarar på eit elektronisk spørreskjema ved å logge seg inn med ein tilfeldig eingangskode. Det blir benytta kvalitetssikra, standardiserte spørreskjema. Forskningsinstituttet NOVA og det regionale kompetansesenteret innan rusfeltet, KoRus-Sør, har det faglege ansvaret for undersøkinga. Kommunane og Viken fylkeskommune står for den praktiske gjennomføringa, i samarbeid med skulane.

Dei første resultata frå undersøkinga vil etter planen bli offentliggjort i midten av mai 2021.
For meir informasjon om Ungdata-undersøkinga i Ål kommune, ta kontakt med koordinator Live Berg, tlf 95 98 04 95 / live.berg@aal.kommune.no
For ytterligare informasjon om Ungdata og tidligare resultat, sjå: ungdata.no

Informasjonsfilm om ungdata for ungdomsskulen

Her finn du informasjon om undersøkinga