Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

UngAaling

Snapchat for ungdom på Ål

Snapchat UngAaling


Ungdomskonsulent og helsesjukepleiar har oppretta ein Snapchat-konto der unge i Ål kan få informasjon om ting som opptek dei, og ein kan komme i kontakt med hjelpetenesta på ein enkel måte.
Snap’n vil vere betjent kvardagar mellom kl.08.00-15.30, og er eit verktøy for å komme i dialog med fagpersonar. Me seier frå kven som er tilgjengelig for ein samtale når ungdom ynskjer det, gir direkte svar på generelle spørsmål, og kan lose vidare der det er behov. Ungdomskonsulent og helsesjukepleiar har teieplikt, og den som tek kontakt kan vere anonym.

Me heia på unge i Ål, og ynskjer alle velkommen til å nytte sosiale media på ein riktig og viktig måte! I tett samarbeid- og dialog med Ål ungdomsråd har Snap’n fått namnet:
UngAaling

«Er det ikkje fantastisk at ingen av uss treng å vente eit einaste augeblikk med å gjere verda til ein betre stad»❤️ (-Anne Frank)
Beste helsing Anne Berit Gudbrandsgard, ungdomskonsulent og Ranveig Isungset, helsesjukepleiar