Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tverrkommunalt samarbeid

Kommunehelsesamarbeidet (KHS)

Logo KHS

Tverrkommunalt samarbeid – kommunehelsesamarbeidet (KHS)
Kommunehelsesamarbeidet er ein avtale om tverrkommunalt samarbeid i Vestre Viken helseområde, og består av dei 21 kommunane i gamle Buskerud samt Asker og Bærum kommunar.
Hensikten er å styrke kommunane sine i samhandling med Vestre Viken HF, at deltakarkommunane har oversikt over samhandlingsfeltet, og blir betre i stand til å realisere både kortsiktige og langsiktige mål. Gjennom det tverrkommunale samarbeidet i KHS skal erfaringsutveksling, samarbeidstiltak og utviklingsprosjekt bidra til å styrke kommunane si utvikling av tenester.
KHS har ikkje beslutningsmynde på vegne av kommunane, men er ein støtte for kommunane slik at dei får eit godt beslutningsgrunnlag internt og i samarbeid med Vestre Viken HF.

Kommunehelsesamarbeidet har laga ei eiga nettside som fortel meir om korleis arbeidet er organisert i regionen vår, kven som representerer ditt område og referat frå etablerte samhandlingsfora. Nettsida inneheld også lenker til aktuelle nettstader kor du kan innhente kunnskap og styringsdata.

Lenke til Kommunehelsesamarbeidet si nettside