Ål kommune er ein trafikksikker kommune.
Vi har fokus på trafikktryggleik i alle kommunen sine sektorar, og oppmodar folk elles til aktsomheit.
Held du fartsgrensa?
Særleg i skule- og barnehageområda er det mange som føler seg uttrygge fordi folk køyrer for fort. Andre opplever alt for høg fart i gata dei bur i.
Om alle held fartsgrensa, i alle fall i områda der det er ungar, vil det hjelpe stort på tryggleiken.
Me har ingen å miste!