Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Fortsatt totalforbod mot open eld

Det vart innført totalforbod mot bruk av open eld f.o.m. torsdag 4.juli i heile Hallingdal.

Skogbrannfaren er fortsatt svært stor og ein ber alle vise stor aktsemd

Brannsjefen har den 03.07.2018 vedteke eit totalforbod mot bruk av eld som kan spreie seg til terreng i kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal og Ål.

Enkeltvedtak om forbod mot bruk av all open eld.

Forbodet omfattar bruk av open eld som kan antenne gras, skog og liknande og gjeld frå og med 4. juli 2018, og inntil situasjonen endrar seg. I tillegg til gjeldande forbod mot bruk av open eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, vert det innført forbod mot bruk av open eld i innmark.

Forbodet gjeld ikkje der det åpenbart ikkje er fare for for at eld kan spreie seg. Til dømes i høgfjellet der det er snø, og der det ikkje er vegetasjon.

Med bakgrunn i dette fattar brannsjefane vedtak om forbod mot bruk av open eld utandørs i Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol kommunar.

Vedtaket er fatta med heimel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff m.v.§37, jf. forskrift om brannforebygging§ 3.

Døme på open eld er bål, eingongsgrillar, bålpanner og anna som skaper gnister eller flammer.

I samband med skogsdrift må ein syne stor aktsemd. Skogsdriftsaktørar kjenner farene og må no fortløpande vurdere om situasjonen tillet drift. Det følger av aktsomheitskravet i lov og forskrift om brann.

Forbodet gjeld inntil forbodet er oppheva. Brannsjefane oppmoder alle om å respektere toltalforbodet mot bruk av open eld i denne perioden.

Skader som eventuelt skulle oppstå som følge av bruk av alle typer eld eller anna aktivitet som fører til brann kan medføre straffeansvar.

Ved brann, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110!