Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tobakksfri vinter

Kurs med oppstart 14. januar

Illustrasjonsteikning "Tobakksfri"

Eit kurs for deg som ønskjer å slutte å røyke eller snuse.

Stad: Frivilligsentralen, Ål kulturhus
Tid: Tysdagar kl. 18.30-20

Kurset har 6 samlingar. Første kurstreff er tysdag 14. januar kl.18.30.
Dei påfølgande samlingane er: 21.1, 28.1, 4.2, 11.2 og 25.2.
Kurspris: kr 500.-

Frisklivssentralen i Ål nyttar kurskonsept som er utvikla av Helsedirektoratet. Kurs i grupper gir støtte og oppfølging, og kan vere ein suksessfaktor for å lukkast med å slutte å røyke eller snuse.

Kvar kursøkt er lagt opp med faktainformasjon, refleksjon og praktiske oppgåver. Dei tre fyrste kurstreffa forbereder deg på å slutte med røyk/snus. Dei neste møta har fokus på å halde på motivasjon for å vere tobakksfri.

For påmelding og informasjon, kontakt folkehelsekoordinator
Hilde Nysæther Frantzen tlf. 901 75 205/ e-post: hnf@aal.kommune.no
Frist for påmelding er 10. januar.

Du finn heile invitasjonen her.