Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Anbefaling om utøving av idrettsaktivitet

Distanse Gerd Altmann Pixabay
Anbefaling til utøving av idrettsaktivitet
Mange vil kome i gang med sport og aktivitet igjen, og det er mogleg, så lenge helsemyndigheitenes anbefaling om samling av personar og grupper vert overhelde.
Her får du difor nokre køyrereglar for idrettsaktivitet, utarbeidd av Helsedirektoratet og Norges Idrettsforbund.
• Det er ein føresetnad for all aktivitet at ein er heilt trygg på at generelle anbefalingar og førebygging av smitte vert overhelde.
• Personar som er smitta av korona, sitt i karantene, eller har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand skal ikkje delta i nokon form for aktivitet.
• Maks 5 personar i ei gruppe. Dersom det er fleire grupper på ein aktivitet skal gruppene halde minimum 10 meter avstand, og kvar gruppe bør ha kvar sin trenar.
• Alle typer idrettsaktivitetar må gjennomførast på ein måte som sikrar minst 2 meter avstand mellom personar til ei kvar tid. Avstanden gjeldt innad i gruppa og til andre personar.
• Ved aktivitet for born og unge, skal det vere ein vaksen til stades som kan sørge for at myndigheitenes anbefalingar vert overhelde.
• Bruk av garderobar eller dusjanlegg er ikkje tillatt.
• Utstyr der det er naudsynt med handkontakt med utstyret skal ein ikkje dele med andre (t.d. ballar, treningsmanualar).
• Sørg for gode hygienerutiner i samband med aktiviteten, t.d. god tilgang på antibac og rutiner for grundig vask av hender, klede og idrettsutstyr før og etter aktiviteten.
• Ved desinfeksjon av utstyr skal ein anten nytte sprit eller ei klorin-blanding (1:10). Vask av idrettstøy etter aktivitet bør skje på minimum 60 grader.
• Det er ikkje tillatt å gjennomføre kamp, stevne, turnering eller annan idrettsaktivitet der nærkontakt er uunngåeleg, eller der det vil vere vanskeleg å overhalde krav om avstand til ei kvar tid under trening/aktivitet.
• Forbodet gjeldt aktivitetar/trening innandørs og utandørs.
Risikoen for smitte auker med tida man er saman, og jo mindre avstanden ein har mellom personar.