Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilbod om foreldrerettleiing

Ynskjer du å delta i ei foreldrestøttande gruppe?

Opplever du utfordringar i forhold til dine barn?

Foreldrestøttande grupper er eit tilbod til føresette med barn i alderen 2-4 år. Kvardagen er travel, krevjande og kan gje lite tid til refleksjon over samspelet med eigne barn. Gjennom 6 kveldar på ca 2 timer pr. gong, kan du møte andre foreldre i grupper for å utveksle erfaringar og reflektere rundt ulike problemstillingar.

I gruppene vert det sett på «Åtte tema for godt samspel» og refleksjon rundt problemstillingar som t.d. Kva slags foreldre ynskjer me og vere? Når får me til det gode samspelet? Korleis kan me gjere meir av det som fungerer og utøve positiv grensesetting?

Høyrest dette interessant ut?

Ål helsestasjon og psykisk helse startar opp med foreldreveiledning 18. oktober 2018. Påmelding innan 4.oktober

For meir informasjon og påmelding ta kontakt med helsestasjonen v/ Anikken J. Teigen, tlf. 97966553 eller psykisk helse v/ Marit Tveit tlf. 98424712