Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Til alle mottakarar av helse- og omsorgstenester i Ål kommune

Endringar grunna covid-19 situasjonen

Med bakgrunn i covid-19 situasjonen og no omikron som er ein ny og meir smittsam variant,  må leiinga i helse - og omsorgssektoren og kommuneoverlegen kontinuerleg vurdera situasjonen.

Omikron er påvist fleire stader i Noreg og ein veit enno ikkje sikkert kor sjuk ein kan bli av denne varianten. Ved mistanke om – eller ved påvist smitte – blir ein sett i karantene uavhengig av vaksinasjonsstatus.

Sjå utdrag fra Folkehelseinstituttet 03.12.2021
TISK - FHI

 Ved påvist omikron eller ved mistenkt tilfelle av omikronvariant:

  • Testing: Det anbefales PCR-test som testmetode, for å sikre mulighet for sekvensering.
    • Husstandsmedlemmer/tilsvarende nære, uavhengig av vaksinasjonsstatus: PCR straks og dag 7.
    • Øvrige nærkontakter, uavhengig av vaksinasjonsstatus: PCR straks og dag 3-7 etter eksponering. Bør holde seg hjemme inntil negativt svar på første test.
  • Isolasjon: Det er forskriftspliktig isolasjonstid på 7 dager ved påvist omikronvariant, uavhengig av vaksinasjonsstatus. Endringen er basert på usikkerhet om smitteførende periode ved omikronvariant.
  • Karantene: Husstandsmedlemmer og tilsvarende nære skal være i karantene i 10 dager og
    det er innført krav om negativ PCR-test på dag 7 før avslutning av karantene, uavhengig av vaksinasjonsstatus. Øvrige nærkontakter anbefales ikke karantene, men det er plikt til test og anbefaling om å holde seg hjemme til negativt svar på første test.


I tillegg til risikoen for smitte med denne nye varianten, er det og ein del anna luftvegsmitte i Hallingdal. Om mange av vårt helsepersonell blir smitta med luftvegssymptom og må i karantene, kan dette bli kritisk for helseberedskapen i kommunen.
Kommunen ønskjer å møte denne situasjonen på best mogleg måte for innbyggarane.
Det kan bli nødvendig å sjå til alternative løysingar dersom fråværet blir høgt blant våre tilsette.
Omdisponering av personellressursar og arbeidsoppgåver kan bli nødvendig.  

Tenestemottakarar må førebu seg på at det kan bli endringar i noverande tenestetilbod.
Nødvendig helsehjelp må prioriterast og personalressursane må styrast inn der behovet er størst. Det betyr at tenestetilbod som avlastningstiltak, praktisk bistand, tilsyn og anna kan bli nedjustert i ei periode. Det kan då bli nødvendig å be pårørande for å hjelpa sine eigne med bistand og enklare pleieoppgåver.  

Helse- og omsorgssektoren ber tenestemottakarar og deira pårørande førebu seg for dette.

Med venleg helsing
Borghild Caroline Ulshagen, kommunalsjef helse
og Toril Bøyum, kommuneoverlege

06.12.2021

Informasjon til alle mottakarar av helse-og omsorgstenester i Ål kommune