Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Teamleiar - Hallingdal barnevernteneste

Søknadsfrist 24.04.2020

Vil du vera med å utvikle framtidas barnevern i Hallingdal?

Er du ein trygg og tydeleg leiar?
Då er du den vi leiter etter

Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå, med Ål som vertskommune. Barneverntenesta er lokalisert sentralt på Ål.

Hallingdal barnevernteneste er organisert i fire team.

TEAMLEIAR 100% FAST STILLING.
Tilsetting snarast.

Vi ønsker ein teamleiar som har desse kvalifikasjonane:
• Utdanning som barnevernpedagog/sosionom
• Erfaring frå barnevernfagleg arbeid, gjerne på leiarnivå
• Positiv og med eit ønske om å vera med og utvikle Hallingdal barnevernteneste saman med leiarteamet
• Tydeleg, klar og likar utfordringar
• God skriftleg framstillingsevne
• Er ein god medspelar i leiargruppa og for dei andre medarbeidarane

Arbeidsoppgåver:
• Ein del av leiarteamet i tenesta
• Vera med å utvikle tenesta vidare
• Kontinuerlig oppfølging av dei tilsette i teamet
• Ansvar for det daglege arbeidet i sitt team
• Oppfølging gjennom bistand og konsultasjon til dei tilsette i teamet
• Konsultasjon og bistand på tvers av team
• Delta i utadretta arbeid med kommunane og andre samarbeidsinstansar

Vi legg vekt på desse personlege eigenskapane:
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
• Systematisk, strukturert og fleksibel
• Evne til å motivere og sette krav til medarbeidarane
• Evne til å være fleksibel
• Tåle å stå i krevjande prosesser
• Møte andre menneske med ei respektfull og open haldning


Vi kan tilby
• Løn etter avtale
• Fleksibel arbeidstid
• Leiarveiledning
• Fagleg utvikling
• Godt arbeidsmiljø med mykje engasjement
• Kommunal bustad

Stillinga krev gyldig politiattest og førarkort. Vi har nokre tenestebilar, men det er likevel ønskeleg at den tilsette kan disponere eigen bil i enkelte anledningar.
Ved behov må arbeidstakar rekne med forskyving av arbeidstida.

Hallingdal barnevernteneste bruker dataprogrammet Familia som saksbehandlingsverktøy.

Har du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med barnevernleiar Helene Sagabråten, tlf. 99157551/ 95368284, eller e-post: helene.sagabraten@aal.kommune.no. 

eller Stedfortredar Camilla Svanaasen Joranger på tlf. 91673968,
eller e-post: Camilla.svanaasen.joranger@aal.kommune.no

Send søknad med CV elektronisk via denne lenka.
Søknadsfrist: 24.04.2020.