Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

TAKT

- eit nytt tilbod i Ål kommune for gode møteplassar og aktivitetar.

Foto: Ole Johs Brye

Januar 2020 opnar Ål kommune eit nytt tilbod kalla TAKT

(= Tryggleik og AKTivisering). TAKT skal vere ein aktivitetsformidlar og ynskjer å bidra til auka samvær og aktivitet blant eldre og andre som av ulike årsakar er utanfor yrkeslivet.

Forutan eksisterande dagsenter som tilbyr ein sosial arena med aktivitetstilbod og moglegheit for mat og trening, vil TAKT også kunne formidle kontakt til aktivitetar og sosiale arenaer rundt om i bygda. Mellom anna ved samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar. Ein eigen TAKT-koordinator vil vere tilgjengeleg på tysdagar og torsdagar mellom kl. 9 – 12. Ho har kontor ved fysikalsk avdeling

TAKT er ein del av Ål kommune si satsing på gode møteplasser og aktivitetar for innbyggjarane, der det vert tilbydd individuell aktivitetsformidling etter relevans og interesse.TAKT-koordinatoren kan hjelpe til med å finne aktivitetar.

Kommunen har i dag tilbod om ulike dagsenter som kan tilby sosiale aktivitetar, trening og måltid i fellesskap med andre. Det skjer også veldig mykje hjå dei mange lag og organisasjonane rundt om i bygda. TAKT kan vidareformidle kontakt for aktivit etar og eventuelt medlemskap.

TAKT har mål om å vere godt orientert om det som skjer både i sentrum og ute i grendene, og skal vere eit informasjonssenter og ein aktivitetsformidlar. 

Du finn meir informasjon om tilbodet her.