Sykle til jobben er ein lavterskel, sosial, miljøvennleg, unik og artig konkurranse, med mål om å få flest mogleg i aktivitet.
Under kampanjen frå 19. april til 17. juni registrerer du all fysisk aktivitet, både til og frå jobb og på fritida. Dansing, løping, svømming, klatring, fjellturar og styrketrening gir også poeng.
Delta individuelt eller som eit lag med venner eller kolleger på maksimalt fem personar, og bli med i trekningen av syklar, turar og treningsutstyr!
Ål kommune deltek igjen i årets aktivitetskampanje "Sykle til jobben" og betaler deltaking for ALLE innbyggjarar og dei som jobbar i kommunen, over 15 år. Kampanjen har oppstart 19. april og varar til 17. juni og alle som deltek er med i trekningen av premiar.
Namnet på kampanjen er noko misvisande, då ALL aktivitet tel, ikkje berre sykling og ikkje berre til jobben. Dette ønskjer me større fokus på i år!
Å gå ein tur på vegen eller på fjellet, trene styrketrening, drive yoga, danse, spela ballspel, jogge, symje, køyre alpint eller å gå på ski – alt kan sjølvsagt registrerast som aktivitet. Du kan delta individuelt, eller som eit lag på inntil 5 deltakarar. Ein kan melde på bedriftslag eller lag med familie eller vener. Om du er aktiv saman med andre er sjansen enda større for at du kjem deg i aktivitet.
Spre gjerne informasjonen til alle du kjenner og bidra til å få heile Ål i aktivitet.
Er du klar?
Premieoversikt:
Veke |
Premie |
Giver |
16 |
Leki Spectra multisportbriller |
Intersport Ålingen |
17 |
Yoga bok + kulturgåvekort |
Norli Ålingen og Ål kulturhus |
18 |
Gavekort til eventyrgolfen: lagpremie, opptil 5 pers |
Topcamp Hallingdal |
19 |
To billetter til årets Sommeropera lørdag 25. juni |
Operalåven |
20 |
Leki Spectra multisportbriller |
Intersport Ålingen |
21 |
Yoga bok + kulturgåvekort |
Norli Ålingen og Ål kulturhus |
22 |
Lagpremie; is fra ordføreren til 5 personer |
Ordføreren |
23 |
Treningsdagbok | Norli Ålingen |
24 |
Gavekort for 3 måneds gratis trening i treningssenteret |
Active Hallingdal (Thon Aktiv, treningssenter) |