Kva er Strategisk næringsplan for Ål kommune?
• Strategisk næringsplan (SNP) skal vere eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk
• Planen skal vere retningsgjevande for prioriteringane kommunen og næringsstyret gjer i planperioden
• Planen skal vera eit insentiv for berekraftig utvikling, nyskaping og bruk av ny teknologi
Strategisk næringsplan omfattar også jord- og skogbruk.
Ål kommune legg FNs berekraftsmål til grunn ved utvikling av ny strategisk
næringsplan. Planen vil bli rullert kvart fjerde år
Overordna mål:
• Sikre og trygge eksisterande arbeidsplassar i Ål kommune.
• Bidra til å skape fleire arbeidsplassar i Ål og Hallingdal.
• Bidra til å rekruttere relevant kompetanse til arbeidsplassar i Ål og Hallingdal.
Strategisk næringsplan for Ål kommune 2025-2028_høyringsutkast.pdf
Retningsliner for næringstilskot for Ål kommune 2025-2028_høyringsutkast.pdf
Innspel kan sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1 3570 Ål, elektronisk via denne lenka, eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no, innan høyringsfristen 08.02.25