Kommuneoverlegeforum for Hallingdal (KOLF) vedtok på møte fredag 23/10 å oppmode kriseleiinga i kommunane i Hallingdal til å setje i verk fylgjande tiltak deineste 10 dagane. Tiltaka vil seinast bli revurdert fredag 30.oktober:
Tilrådde tiltak for å begrense vidare spreiing av Covid-19 i Hallingdal:
- Begrense besøk ved sjukeheimar, helseinstitusjonar og omsorgsbustader, samt føre streng oversikt over besøkande.
• Gi gode råd om aktivitet og åtferd til helsepersonell, både på jobb og i det private.
• Begrense sosiale, og private samankomstar til eit minimum.
• Innføre begrensing på maksimalt 10 personar ved private samankomstar.
• Pause fritidsaktivitetar og arrangement for barn og unge dei neste 10 dagane.
• Skjerpe inn tiltak for «gult nivå» ved skular og barnehagar.
• Fysiske møter, kurs og reiser i kommunal/offentleg regi bør begrensast til eit absolutt minimum.
• Besøkskontroll ved kommunehusa.
Tilråding frå kommuneoverlegane i Hallingdal 23.10.2020.pdf
Politiske møter vil gå som normalt med naudsynte smitteverntiltak
Influensavaksinering vil gå som planlagt
Tingstugu er stengt frå og med 23/10 til og med 30/10