Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Stenging av veg

Bygging av ny sansehage ved Uppigarden

I høve opparbeiding av ny sansehage ved Uppigarden, blir Helsetunvegen 5 og 17 stengt i juni månad. Dette er vegen forbi det "gamle" legekontoret med innkøyring frå vest.

Stenginga blir som vist på kartet her.

På nordsida av den nye sansehagen vil det også bli opparbeida fleire p-parkeringsplassar som me håpar på kan rydde opp i dei problema med trafikken som er der i dag med omsyn til parkering, varelevering osv.