Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Næringsutviklar

100% fast, spennande og utfordrande stilling - søknadsfrist 20. januar

Logo Ål kommune
Ål er ein liten distriktskommune, men det hindrar ikkje eit rikt og svært variert næringsliv med bedrifter innan mange ulike bransjar. Ål kommune ynskjer å bidra til eit næringsliv som er prega av optimisme og gjennomføringsevne. Kommunestyret har vedteke ein strategisk næringsplan som er styringsverktøyet for næringsarbeidet i kommunen. Ål kommune definerer si rolle som tilretteleggar, samarbeidspartnar og støttespelar.

100% fast stilling næringsutviklar

Arbeidsoppgåver:

Oppfølging av mål og strategiar i strategisk næringsplan mellom anna:
• Prosjektarbeid (tilflytting, bulyst, samfunns- og næringsutvikling) 
• Vera pådrivar for utvikling av næringstomter i lag med grunneigarar og næringsaktørar
• Delta i regionalt nærings/- samfunnsutviklingsarbeid og vera pådrivar og delaktig i tiltak som aukar verdiskaping og vekst i næringslivet i Ål og Hallingdal som til dømes Innovasjonsløft og StartUpp
• Delta i prosessen med revisjon av kommuneplanen for Ål
• Forvalte kommunens næringsfond i samarbeid med næringsstyret
• Bygge, og delta i nettverk og samarbeide med lokale og regionale  næringslivsorganisasjonar og andre aktørar som vil jobbe for utvikling av Ål og Hallingdal 
• Vera bindeledd mellom næringsaktørar og kommunen og andre offentlege instansar som Innovasjon Norge og fylkeskommunen
• Vera rådgjevar og tilretteleggar for bedrifter som søker hjelp i oppstart og strategiske vegval

Vi ynskjer at du:

• har relevant høgare utdanning
• har erfaring og kompetanse med  prosjekt- og utviklingsarbeid
• har eit glødande engasjement for å bidra til vekst og utvikling i lokalt næringsliv
• er ein tillitsvekkande nettverksbyggar
• har kompetanse/erfaring frå bedriftsstyring med kunnskap i bedriftsplan og driftsbudsjett
• er utadvendt, nysgjerrig og opptatt av å oppnå resultat i lag med andre
• har smittande engasjement og godt humør
• er ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg
• har stor arbeidskapasitet og evne til å ha mange ballar i lufta på same tid

Vi tilbyr:

Spennande arbeidsoppgåver og høve til å vera med på å  forme utviklinga i lokalsamfunnet
Løn etter avtale og gunstig pensjonsordning
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte  kommunalsjef drift og utvikling 
Reidun Aaker tlf. 99287854. 

Send elektronisk søknad via ledige stillingar innan 20. januar. 

annonse