Informasjon om spelemiddel til idrettsanlegg:
Søknadsfrist for spelemiddel er 1. oktober i Anleggsregisteret.no. Søknadsportalen er no open og nye føresegn har vorte publisert. Det er berre anlegg som er meldt inn til anleggslista som kan søke om spelemiddel. Hugs å sende inn berekraftssjekk. Prioritert anleggsliste blir ikkje vedteke før i september grunna utsetjing av møte i SUKO.
Ope kontor på Tingstugu:
Onsdag 23. august, kl 15:30-20:00
Torsdag 31. august, kl 15:30-20:00
Det er ikkje naudsynt å booke tid, berre kom innom på Servicetorget - det er eit møterom til venstre for trappa.
Kultur- og idrettskonsulent Kristine J. Kapperud er tilgjengeleg for spørsmål om spelemidlar desse kveldane. Kom og spør om alt du lurer på om spelemiddelsøknaden din. Har du ikkje høve desse dagane kan du ta kontakt for å booke tid måndag-torsdag mellom 08:30 og 14:00.
Alt du treng å vite, og ulike skjema finn du her: https://www.aal.kommune.no/meny/kultur-og-fritid/idrett/