Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Forlenging av vedtak

Søndagsope for utvalde næringar

Kalender - Clker free vector images Pixabay
Næringsstyret 

Delegert sak 20/00836-2
06.05.2020

Forlenging av delegert vedtak om løyve til å halde søndagsope for utvalde næringar

Vedtak
Grunngjeve i den særlege situasjonen med covid-19 og pålagte stengingar frå staten si side, vedtek Ål kommune at følgjande næringar no kan halde ope på søn- og helligdagar fram til 15. juni 2020 (unntatt 17. mai) under vilkår av at arbeidsmiljølova vert følgt for arbeidstakarar.

Vedtaket gjeld for:

  • frisørtenester,
  • hudpleie,
  • massasje og kroppspleie,
  • tatovering,
  • hulltaking(piercing) og liknande.
  • fysioterapeutar, herunder manuellterapeuter
  • kiropraktorar
  • optikerar
  • fotterapeutar
  • logopedar
  • psykologar
  • Verksemder som utfører komplementær og alternativ medisin
  • Verksemder som utfører alternativ behandling
  • Andre verksemder utanfor spesialisthelsetenesta som tilbyr tenester som ikkje er å sjå på som naudsynt helsehjelp der tenesta involverer fysisk personkontakt med mindre enn to meters avstand og med varigheit over 15 minutt, herunder aktivitørar, tannpleierar mv.