Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Søknad om barnehageplass

Søknadsfrist 1. mars

Barnehage Alicja Pixabay

Hovudopptak – søknad om barnehageplass for barnehageåret 2020/2021

Søknadsfristen er 1. mars. 
Søknad om plass i barnehage skal skje via Visma flyt Barnehage (VFB) sin føresettportal. Dette gjeld om du søkjer for fyrste gong, søkjer om endring av plass eller dersom du ynskjer overføring til annan barnehage. 
Dersom du vil halde fram med same barnehageplass som i dag, så treng du ikkje søkje. 
For å kome til VFB føresettportal, må du logge det på med elektronisk ID via ID-porten. 
Søknaden vert sendt elektronisk. Når søknaden er sendt, vil du motta stadfesting på den e-postadressa som du har oppgjeve i søknaden. 
Barnehageåret 2020/2021 startar 17. august og du kan forvente endeleg svar på søknaden inn utgangen av mars månad. 
Her finn du meir informasjon.