Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Smittesporingsarbeid

Sporingsarbeid i samband med påvist koronasmitte


Det vert sett inn store ressursar på smittesporing. Til dette arbeidet er det etablert eit smittesporingsteam i Ål kommune og eit interkommunalt smittesporingsteam i Hallingdal.

Ål kommune har også teke i bruk eit eige digitalt verktøy (ReMin) som bidreg til eit meir effektivt og systematisk sporingsarbeid. Dette datasystemet har ein felles database for lagring av informasjon, slik at kommunen vår kan få hjelp av andre smittesporarar i dei andre kommunane ved eit større utbrot.

Om ein person blir smitt av koronavirus, vert det sett i gang eit omfattande smittesporingsarbeid. Arbeidet foregår slik at ein smittesporar snakkar direkte med personen som er smitt.
Ein kartlegg aktiviteter, bevegelser og personar den smitta har vore i kontakt med, for å identifisere kvar vedkomande kan ha blitt smitta og personar vedkomande sjølv kan ha smitt. Dette vert kalla nærkontaktar.

Alle som har vore i nærleiken (under to meter) av den smitta personen i meir enn 15 minutt dei siste 48 timane før personen fekk symptom, skal kontaktast og gis oppfølging. Desse vert ringt opp av ein smittesporar som gir råd om smittevern og korleis ein skal forhalde seg i karantene. Den eller dei som testar positivt, blir fulgt opp av eigen fastlege.

Smittesporing er eit møysommeleg men viktig arbeid – ein av pilarane i smittevernet vårt.