Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Smittesituasjonen i Ål

Status 02.09.2021

Smittesituasjonen i Ål kommune pr 02.09.2021

Ny mitte på 10. trinn ved Ål ungdomsskule.

Ein klasse er førebels i karantene, dei to andre klassane på trinnet er sendt heim i såkalla ventekarantene. Det er i påvente av avklaring av nærkontaktar etter diverse samlingar i helga som var, fortel kommuneoverlege Toril Bøyum.

Du kan lese meir i Hallingdølen

Vi har fått 5 nye tilfelle med positive koronatestar idag.
Dei fleste er nærkontaktar og allereie i karantene.
Ein klasse ved Ål vidaregåande skule er i karantene.
Vi må no vere ekstra flinke med grunnleggjande smittevern:
Hald avstand
Ha god handhygiene
Hald deg heime med luftveissymptom, og test deg!

 

30.08.21:

I løpet av helga har vi fått fleire tilfelle av koronasmitte i kommunen.
Nokre av tilfella har kjent smittekjelde, men vi har ôg ei ukjent smittekjelde.
Me ventar no på resultat på testar som er teke dei siste dagane. Utvida testar i morgon.
Heile 9. trinn og vaksne ved 9. trinn på Ål ungdomsskule er sett i karantene etter leirskule og vart testa i går.
Ål kommune har ikkje kapasitet til å erstatte karantene med hurtigtestar for barn under 18 år slik situasjonen er i dag.
Skulane er fortsatt på grønt nivå, men alle må vere førebudd på overgang til gult nivå.
Vi begynner å ha god oversikt, men det er mange nærkontaktar, og fleire positive prøver kan kome dei næraste dagane.

Vi må no vere ekstra flinke grunnleggjande smittevern:
• Hald 1 meter avstand. Munnbind kan vere eit supplement.
• Handhygiene
• Hald deg heime ved luftvegssymptom, og test deg!