Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Smittesituasjonen i Ål kommune

Oppdatering torsdag 9/9

Foto Congerdesign Pixabay

Status 9/9:
Ål ungdomsskule har digital heimeundervisning i veke 36, og det er gult nivå i heile sektoren. I dag er det gjort nye vurderingar på status. Ål ungdomsskule går attande til fysisk undervisning på skulen frå og med måndag 13. september. 
Det er fortsatt gult nivå i sektor oppvekst fram til 19. september.

Status onsdag 8/9:

Vi har fått 8 nye tilfelle med positivt prøvesvar. 6 av desse er nærkontaktar til andre positive. 2 tilfelle har ikkje nærkontaktar i Ål kommune.

Hugs på dei tre H'ane:

Hald avstand
Handhygiene
Hald deg heime ved symptom på luftvegsmitte

------------------------------------------------------------------------------------------

Kriseleiinga i Ål kommuner har hatt møte måndag morgon.

Dei siste 10 dagane har Ål kommune hatt 24 postive tilfelle med korona. Ved Ål ungdomsskule har alle trinn vore råka. 

  • 9. trinn er ute av karantene
  • 8. og 10. trinn er i karantene fram til torsdag/fredag
  • HEILE Ål ungdomsskule er testa, og vi har god kontroll
  • Digital heimeundervisning i veke 36 for Ål ungdomsskule

Ein klasse ved Nedre-Ål skule er i karantene.

Skulane er på gult nivå, jfr trafikklysmodellen. Dette gir forhåpentleg ein god kvardag for både elevar og tilsette
Fritidsaktivitetar skal gå som normalt. Der ein kan, bør ein ha aktiviteter ute og begrense str på gruppene.

Det ser ut til å vere ulike smittevegar, så det kan vere skjult smitte blant oss.

Strategien framover er å bremse smitten og halde kontrollen. Ål kommune nyttar testing og karantene som verktøy for dette. Smittesporing blir gjort.
Nærkontaktar til smitta blir kontakta.
Dei som er smitta vil få oppfølging hos fastlege, og treng ikkje ta kontakt rundt dette.

Treng du å teste deg? Ta kontakt med Ål legekontor på 3208 5350. Dersom du har teke test, så skal du vere heime i ventekarantene fram til svaret på denne kjem!

Har du spørsmål om karantene?
Du finn informasjon via denne lenka.

Stortings- og Sametingsval 2021 - Vi oppmodar alle som kan til å førehandsrøyste!

Du kan førehandsrøyste måndag til fredag på Servicetorget mellom klokka 09.00 - 15.00. Torsdag 9/9 har vi ope fram til klokka 20.00

Du finn meir informasjon om valget i Ål kommune her

Hald avstand
Ha god handhygiene
Hald deg heime med luftveissymptom, og test deg!
Plakat Helsedirektoratet