Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Slamtømming

Slam – årleg gebyr for tømming av slamavskiljar

Kommunestyret vedtok i sak 26/17 at vi skal endre på innkøyringsrutinane slik at det vert køyrt inn ganske lik mengde slam kvart år.  S

Sjølv om eigedomen ikkje har tømming av slamavskiljar kvart år er det gjort vedtak om å fakturere årlege gebyr.  Det betyr at i enkelte område vil nokre slamavskiljarar til hus/ hytter bli tømt etter eit, to og tre år i staden for berre etter kvart 2./4. år. 
Når vi no tek årlege gebyr, vil dette jamnast ut på alle.  For dei som har tømming annakvart år vert gebyret delt på to og for dei som har tømming kvart fjerde år vert gebyret delt på fire.  Det betyr at abonnenten betalar som før.